Hopp til innhold
X
Innhald

Thorvald Kornelius Johannessen

Thorvald Kornelius Johannessen (1889-1940) frå Bergen. Sjøkaptein. Utdanna på styrmanns- og skipperskule. Johannessen var skipper på Fylkesbaatane sin D/S ”Kommandøren” og vart råka av ein bombesplint då skipet vart bomba av tyske fly ved kaien på Leikanger den 25. april 1940. Johannessen vart send til Lærdal sjukehus, men han døydde dagen etter av skadane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011