Hopp til innhold
X
Innhald

Tinghusa i Leikanger

Tinghusa i Leikanger består av ei klynge med tre tinghus, Tinghus I (1939), Tinghus II (1954) og Tinghus III (1966).

Like aust for kyrkja på Leikanger dominerer nokre store bygningar landskapet. Dette er dei såkalla tinghusa som Leikanger kommune i si tid bygde som utleigebygg for statsetatar og fylkesadministrasjon. I dag er alle desse etatane flytta til eigne bygg på Hermansverk.

Leikanger kommune kjøpte i 1938 ein del av sorenskrivargarden på Systrond og bygde det første av i alt tre «tinghus». Dette fekk seinare nemninga «Tinghus I» og vart teke i bruk i 1939. Her fekk både fylkesadministrasjonen og kommunekontora plass. 

Både Tinghus I, Tinghus II og Tinghus III er teikna av arkitekt Olav Vangsnes. 

I 1954 bygde kommunen Tinghus II som vart utvida i 1967, og bygde Tinghus III (høgblokka) i 1966. Seinare vart også den gamle hovudbygninga på sorenskrivargarden like ved gjort om til kontor.

I 1980 flytta Statens Vegvesen frå tinghusa og til eige bygg i Askedalen på Hermansverk.

I 1989 flytta fylkeskommunen sin administrasjon over i nytt «Fylkeshus» på Hermansverk.

I 1992 flytta ein stor del av dei statlege kontora over i eit bygg som Statens sjølv bygde på Systrond, og i 2005 vart det nye Statens Hus på Hermansverk teke i bruk. Her held m.a. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til.

Kommunen nyttar no Tinghus I på Systrond som rådhus. Den gamle sorenskrivargarden er omgjort til barnehage. I 2019 vart det bestemt at Tinghus II og III skal rivast.

Tinghus II (nærast) og Tinghus III. Foto: Arild Nybø, NRK.

Tinghus II (nærast) og Tinghus III. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.06.2019