Hopp til innhold
X
Innhald

Tre tønnefabrikkar på Leikanger

Sigurd Høyum starta kring 1. verdskrig tønnefabrikk på Leikanger. I 1926 starta han trelastforretning i ein del av Knut Jordal sitt forretningsbygg som låg nede mot kaia på Hanehaug - sjå: Knut Jordal - kjøpmann og hermetikk-disponent.

Like etter 2. verdskrig bygde Høyum eit stort pakkhus for trelastlager og bygningsartiklar lengre aust ved Strandavegen, der det også vart bygt eiga kai. Då Høyum døydde, dreiv Rieber-konsernet i Bergen byggjevareforretninga i nokre år, før anlegget vart selt og overteke av Sogn Tavle- og Datamontering AS. Etter ei tid kjøpte folk med tilknyting til Høyum-familien bygget og reiv det.

Omlag samstundes med Høyum, dreiv også Anders Molland og Ola Eggum tønnefabrikkar ved Strandavegen på Leikanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011