Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Leikanger

Steinsprang har teke liv i Leikanger. Vegen under Fatlaberget kunne til tider vere eit mareritt å køyre. Føraren av denne bilen hadde hell i uhellet ettersom steinen ikkje gjekk gjennom frontruta. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Steinsprang har teke liv i Leikanger. Vegen under Fatlaberget kunne til tider vere eit mareritt å køyre. Føraren av denne bilen hadde hell i uhellet ettersom steinen ikkje gjekk gjennom frontruta. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Oversynet tek med berre ulukker med fleire omkomne, eller ulukker under særskilde omstende:

1684

I 1684 drukna soknepresten Jens Bugge på veg frå Fresvik til Leikanger.

1784

I 1784 brann ein stor del av gardshusa på Eggum ned.

1800

I pinsa 1800 drukna eit ektepar og to av borna deira utanfor Grinde. Ein dreng vart berga då båten kantra i stormen.

1828

I 1828 drukna ei kvinne i elva på Grinde

1840

I 1840 omkom mor og son frå Supphamar i eit skred.

1841

I 1841 fraus ein mann frå Henjum i hel.

1846

I 1846 omkom ein mann frå Hella då han vart teken av eit snøskred.

1934

I 1934 fall ein 12 år gamal gut frå Njøs utfor ei bru og drukna.

1940

I april 1940 vart kapteinen på Fylkesbaatane sin «Kommandøren» drepen under bombing av Leikanger (sjå: Bombing og død på Hermansverk).

1951

I påska 1951 vart to skiløparar tekne av snøskred i Trastadalen, og ein av dei omkom.

1980

I 1980 omkom to born frå Hafslo då bilen dei sat i køyrde i fjorden like ved Eitorn.

1992

I 1992 omkom ein hjortejeger då han skulle krysse Henjaelvi på ei provisorisk taubane. Berelina rauk, og mannen fall i elva og drukna.

2007

I oktober 2007 omkom ei kvinne frå Sogn då bilen hennar vart råka av eit steinras frå Fatlaberget.

Ei ung kvinne omkom då ras i Fatlaberget trefte denne bilen. Foto: NRK.

Ei ung kvinne omkom då ras i Fatlaberget trefte denne bilen. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011