Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomshusstrid i Leikanger

Ungdomshuset Leikvang. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ungdomshuset Leikvang. Foto: Arild Nybø, NRK.

Det første ungdomslaget på Systrond vart eit reint gutelag - Leikangers gutasamlag, skipa i 1877. Det vart også av mange kalla «ynglingeforening», og hadde kring 70 medlemer. Ein av formennene var den kjende presten og Venstre-høvdingen Jakob Liv Rosted Sverdrup.

Først kring 1880 fekk jentene bli medlemer, og laget gjekk over til å kalle seg Leikangers Ungdomslag.

Strid om ungdomshuset

Laget heldt i mange år møta sine i Nybø skule, men kring 1917 starta arbeidet for eige hus. Men det vart hard strid om kvar ungdomshuset skulle byggjast, og laget var nær ved å verte løyvd i to - i eitt for vestre del av bygda og eitt for austre del.

Indrebygdingane vann

Etter underskriftsaksjonar og pengeinnsamling vann «indrebygdingane» drakampen i 1925, og ungdomshuset «Leikvang» vart bygt på Hermansverk. Dette huset er teikna i klassistisk stil av Bergens-arkitekten Johan Lindstrøm, som også har teikna ungdomshuset på Lærdalsøyri.

I åra kring 1920 var det to stilretningar som rådde i ungdomshusarkitekturen: Den eine var typeteikningar utarbeidde for Noregs Ungdomslag av Magnus Dagestad frå Voss. Denne «nasjonale» byggjestilen finn ein gode døme på i «Valhall» i Høyanger (sjå: Høyanger ungdomslag og ungdomshuset Valhall) og Vikjahalli i Vik. Den andre var den klassistiske stilen, inspirert av gresk tempelarkitektur, der «Leikvang» og ungdomshuset i Lærdal er dei beste døma i Sogn og Fjordane.

To veker før «Leikvang» på Hermansverk skulle opnast, skipa ytrebydingane «Systrand Ungdomslag» i protest mot indrebydingane sin siger. Men striden roa seg, og dette utbrytarlaget vart lagt ned etter ei tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011