Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomsskulen i Leikanger

Leikanger ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leikanger innførte niårig barne-og ungdomsskule i 1967, då kommunen bygde eigen skulebygning like ved kyrkja.

Fram til 1981 gjekk borna frå bygdene som høyrde til Leikanger på sørsida av Sognefjorden; Frønningen, Fresvik, Borlaug, og Feios - på ungdomsskulen på Leikanger. Borna frå Frønningen vart innhyste på hybel, medan dei andre dagleg vart skyssa med skulebåt over fjorden. I 1972 fekk Fresvik og Feios eigne ungdomsskuletrinn ved barneskulane i sine eigne bygder.

Frå 1981 vart alle ungdomsskuleelevane frå og med Fresvik og vestover overførte til ungdomsskulen i Vik. Frå Frønningen var det då ein ungdomsskuleelev att. Eleven og mora godtok eit tilbod frå Leikanger kommune om å flytte til Leikanger og bu der til eleven var ferdig med ungdomsskulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.02.2010