Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandring frå Leikanger til Amerika

Utvandrarar frå Leikanger har sett spor etter seg i USA. Dette biletet viser forretninga til Olaus. M. Roisum, som selde og reparerte bilar og landbruksmaskinar. Foto frå ”Systrendingen”.

Utvandrarar frå Leikanger har sett spor etter seg i USA. Dette biletet viser forretninga til Olaus. M. Roisum, som selde og reparerte bilar og landbruksmaskinar. Foto frå ”Systrendingen”.

Sidan 1840-talet har 822 personar (fram til 2002) utvandra frå Leikanger til Amerika.
Det er særleg to gardar som merkjer seg ut med høge utvandringstal: Frå Njøs utvandra i alt 149 personar. Under Njøs låg 8 husmannsplassar som er talde med.

Den andre store «utvandringsgarden» er Husabø med 11 husmannsplassar. Her var det 62 personar som emigrerte til Amerika. Som elles i indre Sogn, kom tyngda av utvandringa frå Leikanger i perioden 1844 til 1875.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011