Hopp til innhold
X
Innhald

Vangsnes Fiskematfabrikk

Vangsnes Fiskematfabrikk heldt til i betongbygningen framfor det staselege bustadhuset til Reidar Vangsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes Fiskematfabrikk heldt til i betongbygningen framfor det staselege bustadhuset til Reidar Vangsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vangsnes Fiskematfabrikk på Leikanger vart starta i 1938 av Johannes Vangsnes. I tillegg til fiskematproduksjon, dreiv verksemda med salting og røyking av sild og fisk, og hadde eigne fiskebilruter i indre Sogn. I 1946 utvida Vangsnes med nye produksjonslokale der det jamt var 14 fast tilsette.

Sønene Reidar Vangsnes og Kjell Vangsnes kom med i den daglege drifta på 1950-talet. Midt på 1960-talet vart fiskematproduksjonen trappa ned, og firmaet gjekk over til agenturverksemd for Frionor, Forenede Margarinfabrikker og Banan-Mathiesen (BAMA).

Satsa på blåskjel

Reidar Vangsnes for sin del vart ein av medskiparane av Sygna Aquakultur (sjå denne) i 1984, og har sidan 1990 engasjert seg sterkt i blåskjelnæringa i Sogn - m.a. gjennom firmaet Fjord Garden AS (Fjord-aker) og Detox.

Vangsnes Agentur leigde ut

Kjell Vangsnes med Vangsnes Agentur bygde nye lagerlokale på Hermansverk som vart leidge ut til BAMA. Her vart også sonen Stein Vangsnes tilsett. Anlegget i Hagane heiter no Bama Storkjøkken AS fordi det leverer varer til storhushaldningar og institiusjonar. I Bama-bygga i Hagane har også det no nedlagde bygningsfrimaet NS-Bygg halde til. Bygget rommar no m.a. forretninga til Leikanger Mur og Flis AS som vart starta av Erik Vikdal

Bama-bygget med m.a. Leikanger Mur og Flis AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bama-bygget med m.a. Leikanger Mur og Flis AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011