Hopp til innhold
X
Innhald

Vatningsveiter i Leikanger

Henjaveiti henta vatnet frå Vetle Svartavatn som ligg 1045 meter over havet. På biletet kan vi sjå veita som ein grå bord bortetter fjellsida. Foto: Siri Wølneberg.

Henjaveiti henta vatnet frå Vetle Svartavatn som ligg 1045 meter over havet. På biletet kan vi sjå veita som ein grå bord bortetter fjellsida. Foto: Siri Wølneberg.

Indre Sogn og øvre Gudbrandsdalen er kjende som dei mest nedbørsfatige stroka i landet. Her vart det særleg på 1700-talet og utover 1800-talet bygt store vatningsanlegg med veiter eller kanalar som forsynte jordbrukslandet med vatn.

Slike vatningsanlegg var vanlege heilt ut over til Leikanger og Vik. I Leikanger kom det fart i veitebygginga frå 1855 og utover. Der veitene ikkje kunne gå i vanlege grøfter i terrenget, vart det bygt leiemurar og trerenner.

Til Systrond gjekk det seks veiter. Mange av dei henta vatnet frå høgfjellet: Henjaveiti t. d. har inntaket 1.000 meter over havet og er åtte kilometer lang.

Husabøveiti bygd i 1894 er seks kilometer lang og hentar vatnet 920 m.o.h. Husabøveita vart bygt i 1895, og ein del av denne veita vart såleis lagt i trerenne.

På Grinde går veita frå 840 m.o.h. og er 4,5 kilometer lang.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011