Hopp til innhold
X
Innhald

Vegar i Leikanger

Frå opninga av vegen mellom Sogndal og Hermansverk den 13. oktober 1937. Ordførar Olav Tveit held tale. Biletet er frå Borggarden på Hermansverk. Foto: Trygve Tveit. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den unge kvinna som køyrde denne bilen omkom då ho vart treft av steinsprang i oktober 2007. Foto: NRK.

Den unge kvinna som køyrde denne bilen omkom då ho vart treft av steinsprang i oktober 2007. Foto: NRK.

Problemvegen under Fatlaberget

Leikanger fekk vegutløysing til Sogndal i 1937, etter at det hadde vore reist krav om vegsamband austover sidan 1910. Men vegen har vore rasfarleg, og det har kravd menneskeliv. Frå hausten 2008 har trafikantane kunna køyre i tunnelar under både Fatlaberget og Stedjeberget (i Sogndal kommune.)

Veg til Grinde

Den gamle vegen frå Leikanger til Grinde gjekk over Valbrekka. Før nyevegen til Grinde vart ferdig langs strand i 1949, måtte biltrafikken til og frå ferjeleiet på Grinde (sjå: Ferdsla på fjorden i Leikanger) gå over den smale og bratte vegen.

Ferja Sogn legg til kai på Grinde i 1956, det siste året kaia var i bruk.  Lengst til venstre, ved kaikanten, står truleg Olav H. Holum. Han var dampskipsekspeditør på Grinde. Til høgre ser vi Lars M. Hauge som sel frukt og bær, mannen i midten framme er Anders Nåtedal. Foto: Arne Hatlevik. © Fylkesarkivet.

Vegen over Gaularfjellet

opna i 1938 (sjå Gaularfjellsvegen under Balestrand kommune), og ferjesambandet Grinde-Vetlefjorden gjekk frå 1939 til 1951. Då vart vegen frå Vetlefjorden til Balestrand opna, og ferjestrekninga vart då Grinde-Balestrand.

Frå arbeidet med vegen mellom Leikanger og Hella ved Eitorn i 1954. © Fylkesarkivet.

Frå arbeidet med vegen mellom Leikanger og Hella ved Eitorn i 1954. © Fylkesarkivet.

Hella-Dragsvik

I 1956 vart vegen frå Leikanger til det nye ferjeleiet på Hella opna, og ferjestrekninga vart korta ned til Hella-Dragsvik. Vegen ut til Hella hadde vore under bygging sidan 1937.

Sidan 1956 har ferjene gått den korte strekninga mellom Hella (på biletet) og Dragsvik. Turen tek om lag fem minutt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sidan 1956 har ferjene gått den korte strekninga mellom Hella (på biletet) og Dragsvik. Turen tek om lag fem minutt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane

med hovudkontor for Sogn og Fjordane og Region Vest på Hermansverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.08.2011