Hopp til innhold
X
Innhald

Vidar Atne

Fylkesmann Vidar Atne på NS-stemne i Sogn i 1942. Foto: Norsk Film/NRK.

Fylkesmann Vidar Atne på NS-stemne i Sogn i 1942. Foto: Norsk Film/NRK.

Vidar Atne (1909-1961) fødd i Oslo, busett i Leikanger. Fylkesmann under 2. verdskrig. Utdanna jurist, og skatterettsekspert. Hadde arbeidd som fylkesskattesjef i Oppland før han kom til Leikanger som fylkeskontorsjef, utnemnd av okkupasjonsstyret.

Utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane då fylkemann Hans Seip vart avsett i 1941. Ved fleire høve kom Atne i opposisjon til oppdragsgjevarane, m.a. hadde han sterke innvendingar mot mange av arrestasjonane som Gestapo gjennomførte i fylket.

Atne var fylkesmann til 1944, då han vart avsett og bytt ut med Konrad Sundlo. Atne dreiv sidan privat advokatpraksis.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011