Hopp til innhold
X
Innhald

A.G. Behaim Eftf.

fargeri og fargeproduksjon i Marifjøra vart starta av Andreas Beheim i 1872.

Andreas kjøpte fargestoff frå Tyskland som han blanda sjølv og selde over heile landet. Sonen Georg Behaim overtok og dreiv til nokre år etter 2. verdskrig. Då fargeriet vart rive på 1950-talet, vart utstyret gjeve til Sogn Folkemuseum.

Om fargeriet i Marifjøra går det denne regla:

:Du går i kvite sokkar, eg trur du ha’kje vet :Reis bort i Marifjøra og kjøp deg noko lét *)

*) Lét = farge - Sjå elles artikkelen Haugianarar dreiv stamper og fargeri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2008