Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Basseson - Alf i Kroki

Alf Basseson - Alf i Kroki (d. 1305) frå Kroken *. Adelsmann. Er den første som er nemnt som eigar av storgarden i Kroken på austsida av Lustrafjorden (sjå nedst på sida).

I 1298 er Alf nemnt som sendebod for baronen og storgodseigaren Bjarne Erlingsson, som då eigde Ornes-godset. Han vart adla kring 1300, og nemnde seg etter dette som Herre Alf frå Kroken.

I 1300 og 1301 vart han send til Island som kongeleg skatteoppkrevjar for kong Håkon V Magnusson.

I 1305 vart han lensherre for Nord- og Austlandet på Island. Her for han hardt fram, og slapp såvidt unna eit attentat.

Han døydde truleg av sjukdom på Island i 1305.

  • ''Ein del forskarar tek atterhald om at denne Alf Basseson ikkje stammar frå Kroken i Luster, men at han kan høyre til ei ætt frå bygarden Kroken i Trondheim. Frå 1378 veit vi at ein av dei rikaste menn i Noreg på den tida, adelsmannen og riddaren Sigurd Haftorson som budde på setegarden Sørum på Romerike, gav m.a. Kroken, Kinsedal, truleg ein del av Ornes og Kvåle i Sogndal til ein Bergens-mann som heitte Erling Einarsson. Denne var truleg riddar og adelsmann.''

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.10.2007