Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Hesjevoll

Anders Hesjevoll (1898-1969) frå Jostedalen. Bonde og breførar. Han var frå midten av 1920-talet og til slutten av 1940-talet den mest aktive breføraren i Jostedalen.

I krigsåra utstyrte han turfylga sine med kvite laken som kamuflasje slik at dei ikkje skulle bli oppdaga av tyske fly og bli skotne på oppe på breen. Spora i snøen viska dei ut med sopelimar.

Det vart fortalt at når nokon i fylgjet vart trøytte, tok han fram eit sølvstaup frå sekken. Dette skulle han skjenke fylgjet frå når dei nådde fram, lokka Anders. Slik kvikna fjellturistane til!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.10.2007