Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Johannessen

Arne Johannessen. Foto: Terje Bendiksby, Scanpix.

Arne Johannessen. Foto: Terje Bendiksby, Scanpix.

Arne Johannessen fødd 1960 i Øystese, busett i Hafslo. Politibetjent, lensmann, organisasjonsleiar og Arbeidarparti-politikar. Eksamen frå Politihøgskolen i 1982. Lensmannsbetjent i Luster til 1988, då han vart tillitsmann på heiltid som sekretær i lensmannsetatens Landslag til 1990, og leiar frå 1990 til 1997. Då Polititets Fellesforbund vart skipa i 1997 ved samanslåing av Lensmannsetatens Landslag og Norsk Politiforbund, vart Johannessen nestleiar fram til 1998.

Frå 1998 til ut 2000 var han lensmann i Sogndal, og frå 2000 til 2013 leiar i Politiets Fellesforbund. I 2014 gjekk han tilbake til stillinga som lensmann i Sogndal.

Arne Johannessen var leiar i hovudutvalet for kultur og fritid i Luster frå 1985 til 1993, medlem av kommunestyret 1989-1993, leiar i Hafslo Arbeidarlag 1992-1996 og leiar i Luster Arbeidarparti frå 2014. Han har òg hatt ei rad tillitsverv innan lag og organisasjonar, m.a. i styret for Heggmyrane Skisenter i Hafslo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015