Hopp til innhold
X
Innhald

Bernt Arntzen Nagel

Bernt Arntzen Nagel (fødd ca. 1600 – d. ca. 1670) frå Bergen, busett i Kroken. Tok over som eigar av storgarden Kroken i 1636, då han vart gift med enkja etter Jon Anderssøn Teiste, som vart drepen av futen Gjøde Pederssøn.

1661 fekk Bernt Arntzen Nagel hand om Bruavoll og fiskerettane i Årøyelva. Fiskerettane kjøpte han frå futen i Bergen, Per Jansson. Sonen Anders Nagel busette seg på Bruavoll, som sidan har vorte heitande Nagløyri.

Ein annan son til Bernt var den velståande handelsmannen Dominikus Berntsen Nagel på Årdalstangen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.12.2007