Hopp til innhold
X
Innhald

Bilverkstad på Kjos

Hafslo Bilsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Bilsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lars Øvrebø og Ludvig Hjelmhaug starta bilverkstad og smie på Kjos i Hafslo på slutten av 1940-talet. Seinare kom også broren til Lars, Sverre Øvrebø, inn som kompanjong.

Hafslo Bilsenter AS

I 1980 overtok Lars Øvrebø sin svigerson, Svein Haugen, verksemda og dreiv fram til det nyskipa Hafslo Bilsenter AS tok over i 2000. Bak dette selskapet står Jon og Per Hauge, Ivar Solvi og Ove Fredheim. I 2003 sysselset verksemda 5 personar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011