Hopp til innhold
X
Innhald

Christopher Giertsen

Christoffer Giertsen (ca. 1619-1679) frå Bergen, busett på Flahamar. Fut i Sogn, og stor jordeigar. Han stamma truleg frå den tyske ætta Morgenstierne frå Schlesien, for han nytta også «Morgenstierne» som familienamn.

Flytta til Flahamar

Giertsen budde i Sogndal på: Storgarden på Kvåle. Der vart han gift med ei kvinne frå Heiberg-ætta. Men då han vart enkjemann i 1653, kjøpte han garden Flahamar i Luster og flytta dit. No gifta han seg andre gongen med Bergitte Ludviksdotter Munthe (fødd 1634). Etterkomarane deira både i Sogn og Sunnfjord kalla seg sidan Munthe. På 1660-talet fekk Giertsen hand om store jordeigdeomar då han kjøpte det meste av Apostelgodset sine eigedomar i indre Sogn.

Soldatopprøret i 1659

Futen hadde også kapteins grad i militæret. I 1659 vart Giertsen saman med ein løytnant innblanda i eit blodig opprør under innskrivinga av soldatar i Solvorn. Mange av hovudmennene i opprøret fekk harde straffer. I 1664 kjøpte enkja Bergitte Munthe heile Jostedalen.

Sønene vart prestar

Fleire av sønene til futen Christoffer Giertsen Morgenstierne og kona Bergitte Munthe vart prestar som var flinke til å skaffe seg jordegods der dei kom. I ei teljing frå 1665 eigde Giertsen 109 kyr, 71 småfe, 6 hestar og 2 svin.

Vi finn Munthe-ætta som rikfolk og store jordeigarar m.a. i Ytre og Indre Hafslo, i Kroken, i Årøy i Sogndal kommune og i Hellevik ved Dalsfjorden. Far til Ludvig Christophersøn Munthe i Vik.

Sjå:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008