Hopp til innhold
X
Innhald

Dr. Fredrik Arentz

Kjend geolog

Fredrik Arentz (1844-1914) fødd i Bergen. Lege, geolog og friluftsmann. Tok medisinsk eksamen i 1870. Arbeidde først som lege ved sjukehuset i Tromsø. Var deretter distriktslege i Volda, og frå 1885 distriktslege i Valdres.

Kjend geolog

Frå 1888 til 1908 arbeidde Arentz som kirurg i Oslo. Då la han legearbeidet til side og konsentrerte seg om geologiske studiar. Han vart etter kvart ein internasjonalt kjend geolog.

Fjellvandrar

Gjennom heile livet var Arentz ein ihuga fjellvandrar, og hadde Breheimen som sine favorittfjell. Han vart sporlaust borte på ein fjelltur frå Leirvassbu til Turtagrø i 1914. Truleg hadde han falle i ei elv og drukna.

Arentzbu

Til minne om Fredrik Arentz skipa sonen Erik Arentz i 1954 eit stort legat som Den Norske Turistforening har bygt ei mengd hytter for. Den første hytta var Arentzbu 880 m.o.h. i Mørkridsdalen. Hytta vart opna i 1956. Arentz-legatet var i 2003 oppe i åtte millionar kroner.

Arentzbu. Foto: NRK.

Arentzbu. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011