Hopp til innhold
X
Innhald

Drapssaka mot Skule frå Jostedalen

{{quiz|Kjenner du drapssaka?}} I pinsa 1713 var ei 30 år gamal kvinne og ein 50 år gamal mann frå Jostedalen på veg opp dalen etter eit ærend nede i fjordbygdene. Kvinna var Sidsel Paulsdotter frå Lunde på Indre Hafslo og mannen var Skule Andersen frå Øvre Fåberg. Dei hadde begge vore innom skjenkestova i Marifjøra før dei la i veg. Sidsel reid på hesten, medan Skule gjekk ved sida av.

Etter ei stund steig Sidsel av hesten for å gjere eit nausynt ærend bakom eitt kjerr. Men ho kom ikkje tilbake, og Skule gjekk for å sjå etter henne. Men Sidsel var søkk borte. Skule reid då ned att til Røneid for å varsle om det som hadde hendt. Så skal Skule ha ridd attende til staden der Sidsel kom bort.

Seinare forklarte han at han då fann kleda hennar pent lagt saman ved elvebreidda. Han leita på nytt utan å finne Sidsel, og drog deretter heim til Fåberg. Slektningar til Sidsel fekk seinare med seg Skule for å leite, men også denne gongen fåfengt. Skule sa då ingenting om kleda som han hadde funne. Det kom først fram seinare.

No vart lensmannen kopla inn, men først året etter vart Sidsel funnen død ved utløpet av Jostedalselvi i Gaupne. Liket vart funne med store skadar i andletet og blå flekkar på halsen, og det grodde fram ein mistanke om at Skule hadde teke kvinna av dage.

Det var lett å skulde denne mannen, for i 1689 vart Skule dømd for å ha fått eit barn etter legermål med eit syskenbarn - og i 1707 for kom han for retten mistenkt for falskmynteri.

Skule vart stilt for retten og kryssforhøyrd. Men prova mot han var for svake, og han vart frikjend. I 1739 kom den då 76 år gamle Skule på nytt for retten for eit knivslagsmål etter ein krangel om noko smør. No fekk Skule ei bot på 31 riksdalar.

{{Luster}} kategori:Luster {{Historia}} kategori:Historia {{q1}}

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018