Hopp til innhold
X
Innhald

Eit livleg bryllaupslag

I gamle dagar var det straff for å feire bryllup meir enn i ein dag. Difor måtte både god mat og drykk nytast medan den var å få denne eine dagen - og då kunne einskilde gjester naturleg nok ta til seg for mykje av det gode.

Slik gjekk det i eit bryllup i Mollandsmorki i 1683, der Anders skomakar skapte seg vill. Skomakaren dengde Anders Veo så ille at Anders var ufør resten av sommaren.

I same bryllupslaget tok skomakaren også føre seg Ivar Hjøsvongo. Anders skomakar gav Ivar eit slag over nasen med eit tinnkrus slik at han låg sjuk i fjorten dagar etter.

Det heile gjekk så friskt føre seg at Hafslo-prest og storbonde Jens Hansson Ørbech (1656-1715) fann det best å røme til skogs! Der sat presten og venta til dei hadde lagt den villstyrige skomakar-Anders i jern.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018