Hopp til innhold
X
Innhald

Embetsgarden Flahamar

Hovudhuset på Flahamar. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovudhuset på Flahamar. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Like ved riksvegen mellom Høyheimsvik og Luster ligg eit vakkert, gamalt herskapshus frå 1700-talet, lunt skjerma av neset Skansen som stikk ut i fjorden. Dette er den gamle embetsmannsgarden Flahamar, der den kjende diktaren Ludvig Holberg ein gong i tida var huslærar.

Huset er bygt på slutten av 1700-talet i norsk rokkokkostil med halvvalma pannetak og småruta vindauge. På 1980-talet kom huset i fokus fordi ein antikvitetshandlar hadde vore på ferde og fått høve til å montere ned dei dekorerte veggpanela i eitt av roma.

Flahamar har fram gjennom tida vore bustad for embetsfolk frå slekter som Lauritzøn, Giertsen, von Krogh, Montague, Sommerschild, Fasting, Segelcke, Daae og Falch.

Vikinggard og kongegods på Flahamar

Men garden på Flahamar har røter som stormannssete lenge før den danske embetsmannstida.

Flahamar vert futegard

Midt på 1600-talet var garden komen i eiga til Dale-futen Anders Lauritzøn, som sjølv budde på Fuhr. Etter kvart slo også stamforeldra til Munthe-ætta seg ned her.

Flahamar vert offisersgard

«Hovudbruket» Flahamar skøytte enkja Bergitte Munthe i 1690 over til svigersonen, kaptein Georg Fredrik Berentson von Krogh (1653-1721).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011