Hopp til innhold
X
Innhald

Fanaråkhytta

Fanaråkhytta i sikte. Foto: Judith Stølen.

Fanaråkhytta i sikte. Foto: Judith Stølen.

Fanaråkhytta ligg på toppen av den 2068 meter høge fjelltoppen Fanaråken og er den høgstliggjande turisthytta i landet. Fanaråkhytta vart bygd i 1926 av DNT i samarbeid med vervarslinga på Vestlandet. Hytta var bemanna med folk frå Meteorologisk Institutt fram til 1978. I 2012 vart dert montert nytt utstyr for ekstremvervarsling på Fanaråken.

I 1934 bygde DNT ei ny hytte like nedanfor vervarslingshytta. I dag har Fanaråkhytta 32 sengeplassar.

Dei tilsette på den meteorologiske stasjonen framfor hytta på Fanaråken i 1935.

Dei tilsette på den meteorologiske stasjonen framfor hytta på Fanaråken i 1935.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2012