Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla over Jostedalsbreen

Det var ikkje alltid lett å få med seg dyra på vegen over breen. Slik tenkjer illustratøren Bernt Kristiansen seg at det kunne føregå.

Det var ikkje alltid lett å få med seg dyra på vegen over breen. Slik tenkjer illustratøren Bernt Kristiansen seg at det kunne føregå.

Kortaste "sjøvegen" vestover for folk i Jostedalen var å gå over bréen til Nordfjord. Her var det ruta frå Fåbergstølen til Greidung og Erdal i Oppstryn som vart mest nytta - m.a. til krøterdrifter. Men elles er det registrert gamal ferdsle mellom Krundalen og Olden, og mellom Fåberg og Øyasetra til Loen.

Krøterdrifter over breen

Handelen med bufe og hestar frå Vestlandet mot Austlandet tok seg sterkt opp på 1700-talet. Den sterkaste tradisjonen for fehandel finn vi i Vik, Aurland og Flåm, Lærdal, Årdal, Luster, Jostedalen, Røneid og Hafslo.

I Jostedalen ser det ut til at tradisjonen med driftehandel starta alt på 1600-talet. I året 1600 finn vi nemleg både Johannes, Oluf og Lasse på garden Haugen oppførte som «kremmarar». Mest truleg driv dei då med krøterhandel, for på den tida var dalen svært tynt folkesett, og gav neppe næringsveg for nokon lokal handelsmann med vanlege varer.

På 1700-talet er det kjent at menn som Per Nilsson Drevdal og Nils Larsson, begge frå Jostedalen, dreiv som driftekarar. Elles fortel Kristen Bremer i boka «Hafslo ikring 1860» at både Jakob Tørvi frå Hafslo, Jon Næs frå Luster og Jakob Molland frå Røneid «vart så rike på driftehandel at det spurdest».

Lang veg til fjorden

Vegen frå dei øvste gardane i Jostedalen til Lustrafjorden er kring 50 kilometer - tildels i vanskeleg terreng. Ein grunn for ferdsla frå Jostedal til Nordfjord, var at det var langt lettare for jostedølene å reise over breen til Nordfjord enn å reise ned til Lustrafjorden dersom ein tenkte seg vestover til kysten for varebyte mot fisk og salt.

Men elles er det registrert gamal ferdsle mellom Krundalen og Olden, og mellom Fåberg og Øyasetra til Loen.

Mange driftekarar frå Røneid

I 1891 vart det registrert åtte driftekarar i Jostedal og fem i Hafslo kommune. Særleg var folk frå garden Røneid i Gaupne og frå gardane på Ytri i Jostedalen kjende som driftekarar. Også Kristian Heltne og Paal Helgesen Flikki i Luster var velkjende driftekarar. Flikki skulle vere mannen som selde merra som vart kjend frå segna om «Lenda frå Land».

Erdal i Oppstryn var utgangspunkt for krøterdriftene på strynesida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal i Oppstryn var utgangspunkt for krøterdriftene på strynesida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Driftevegane vestfrå

Krøterdriftene vestfrå kom som oftast over Jostedalsbreen frå Erdal i Oppstryn til Fåbergstølen i Jostedalen. Derfrå vart dyra drivne ned dalen til Gaupne for båttransport til Lærdal eller Flåm. Ei anna rute gjekk frå Vigdal over mot Lustrafjorden, der dyra vart frakta over og drivne opp Krokadalen og over til Farnes i Øvre Årdal. Herifrå gjekk drifteruta via den store krøterhamnen på Breikvam mot Tyin og Valdres - sjå: Driftevegar og saltvegar.

Fåbergstølgrandane inst i Jostedalen. Hit ned kom krøterdriftene frå Erdal i Oppstryn etter turen over breen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fåbergstølgrandane inst i Jostedalen. Hit ned kom krøterdriftene frå Erdal i Oppstryn etter turen over breen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Drapet på driftekar Erik Høyheim

Driftekarane var kjende for å vere stinne av pengar når dei vende heim etter å ha fått oppgjer på Austlandet. I 1817 var driftekaren Erik Høyheim frå Luster på veg heim att med ein velfødd lommebok, men han kom ikkje langt...

Sygneskaret

Ei av dei eldste kjende ferdsleruter mellom Nordfjord og Jostedalen gjekk gjennom Sygneskaret. Her var det kort veg over Jostedalsbreen. Ruta gjekk frå Øyasetra/Fåbergstølen gjennom Sygneskaret til Sunndalen og Hjelle i Oppstryn. På Nordfjord-sida fall denne ruta saman med den gamle driftevegen over Kamperhamrane mellom Stryn og Skjåk - sjå: Driftevegane austover frå Stryn.

Ivar Aasen.

Ivar Aasen.

Ivar Aasen over Jostedalsbreen

Ein av dei som reiste over Jostedalsbreen, var språkforskaren og forfattaren Ivar Aasen i 1855.

Om breføring m.m.: Jostedalsbreen som turist- og klatremål

Hovudside: Jostedalsbreen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011