Hopp til innhold
X
Innhald

Filminnspelingar i Luster

Frå filminga av ”Gjest Baardsen” i Luster. Alfred Maurstad spela Gjest.

Frå filminga av ”Gjest Baardsen” i Luster. Alfred Maurstad spela Gjest.

Gjest Baardsen

Nokre av dei mest kjende utandørsscenene til filmen om stortjuven «Gjest Baardsen» i 1936 vart tekne opp i Luster.

Film-scenene frå «lensmannsgarden» med arresten vart tekne opp på den gamle lensmannsgarden Fuhr i Luster.

Alfred Maurstad spela hovudrolla. Dei kjende bileta der Maurstad syng «Fjellsangen» (- Å kom, vil I høre en vise om Gjest...) vart tekne opp på Sognefjellet nokre kilometer ovanfor Turtagrø.

Film-scenene frå «lensmannsgarden» med arresten vart tekne opp på den gamle lensmannsgarden Fuhr i Luster.

Filmar om Jostedalsrypa

Filmar om Jostedalsrypa

I Jostedalen har det vorte skote scener til to filmar som spelar på segna om Jostedalsrypa: I 1967 for filmen «Dager av tusen år» av Anja Breien. I 1993 vart det bygt opp ein komplett mellomaldergard i Krundalen som var nytta til innspelinga av filmen «Trollsyn». Denne «garden» vart etter opptaka rigga ned og seinare nytta til innspeling i Sel i Gudbrandsdalen for filmen om «Kristin Lavransdatter».

Sånt är livet

Sånt är livet

Regissør Colin Nutley (som laga suksessen «Änglagård») og m.a. skodespelarane Sverre Anker Ousdal, Helena Bergström, Rolf Lassgård, Sven-Bertil Taube og Jakob Eklund spela inn scener til filmen «Sånt är livet» i Solvorn i 1996.

James Bond - agent 007

Produsentane av James Bond-filmane vurderte ei tid å bruke Styggevatnet øvst i Jostedalen som opptaksstad til actionscenar i ein av filmane om den britiske agenten. Men planane vart ikkje noko av.

Reklamefilm

Eit filmteam på 80 personar spela inn deler av ein reklamefilm for Volvo i Jostedalen. Filmen kosta like mykje som ein norsk spelefilm - men vara berre i tretti sekund. Breheimsenteret var nytta som kulisse i filmen, og var «hytta» til dei som køyrde bilen i reklamefilmen.

Det blir gjort opptak til ein god del reklamefilmar i Luster. Her er det opptak til ein film for Volvo framfor Breheimsenteret i Jostedalen. Foto frå TV-reportasje, NRK.

Det blir gjort opptak til ein god del reklamefilmar i Luster. Her er det opptak til ein film for Volvo framfor Breheimsenteret i Jostedalen. Foto frå TV-reportasje, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.04.2011