Hopp til innhold
X
Innhald

Fjellklatrarhotella på Turtagrø

Turtagrø Hotell slik det såg ut før brannen i 2001.

Turtagrø Hotell slik det såg ut før brannen i 2001.

Heilt sidan Thomas Heftye sette seg i spissen og fekk skipa Den Norske Turistforening i 1868, har Turtagrø – 884 meter over havet – vore ein av dei viktigaste innfallsportane til fjellvandring og tindesport i Jotunheimen.

To av dei viktigaste måla for fjellklatrarar som går frå Turtagrø, er den 2.405 meter høge Store Skagastølstind - eller Storen som den og vert kalla - og Fanaråken på 2068 m.o.h.

Frå Turtagrø har fjellturistane eit praktfullt innsyn i den nordvestlege delen av Jotunheimen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå Turtagrø har fjellturistane eit praktfullt innsyn i den nordvestlege delen av Jotunheimen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

To hotell side om side

I 1888 vart det bygt to hotell på Turtagrø.

Ole Berge tek over konkurrent-hotellet

Fjellførar Iver Nilsson Øiene bygde det eine hotellet, og dreiv det til 1910 då han reiste til Amerika. Ole Berge, som dreiv det andre hotellet, tok då også over drifta av Øiene sitt hotell.

Ein tragisk brann

I januar 2001 brann hovudbygget på Turtagrø Hotell - dvs. det som var tufta på Ola Berge sitt første hotell - ned til grunnen. I 2002 vart eit nybygg med 19 rom og 45 senger teke i bruk.

Det bur folk under nesten kvar busk når det er fjellfilmfestival på Turtagrø. Foto: Fjellfilmfestivalen.

Det bur folk under nesten kvar busk når det er fjellfilmfestival på Turtagrø. Foto: Fjellfilmfestivalen.

Fjellfilmfestival

Turtagrø Hotell har dei siste åra blitt senter for ein årleg fjellfilmfestival som samlar mykje folk. I 2012 vart denne festivalen flytta til Gjendesheim, men Turtagrø Hotell svara med å arrangere sin eigen fjellfilmfestival i september.

Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen nasjonalpark vart skipa i 1980 og ligg i kommunane Årdal og Luster i Sogn og Fjordane og Lom og Vang i Oppland fylke. Det verna området er på 1.145 kvadratkilometer.

Turtagrø Hotell fekk ein heilt ny utsjånad då det vart bygt oppatt etter brannen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Turtagrø Hotell fekk ein heilt ny utsjånad då det vart bygt oppatt etter brannen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.05.2012