Hopp til innhold
X
Innhald

Fjellpionéren Kristian Bing

Kristian Bing og Elias Hogrenning forserer ein bresprekk. Teikning av Koren-Olsen,etter skisse av K. Bing.

Kristian Bing og Elias Hogrenning forserer ein bresprekk. Teikning av Koren-Olsen,etter skisse av K. Bing.

Etter at William Cecil Slingsby hadde utforska deler av Jostedalsbreen kom den kjende Bergens-advokaten og fjellmannen Kristian Bing til Austerdalsbreen og gav brearmane som stikk ut frå breen namna Odinbre, Torbre og Lokebre.
I 1898 gjennomførte Kristian Bing saman med Per Grønfur og Absalon Hjelle frå Oppstryn den første «offisielle» kryssinga av Jostedalsbreen på langs. Fotturen tok 47 timar.

Bing trivdest også godt med isklatring i brefalla. I 1895 klatra han brefallet på Briksdalsbreen på ni timar saman med Rasmus Aabrekk frå Olden.

Nokre år seinare klatra han saman med kjentmannen Anders Grov opp brefallet på Bergsetbreen i Krundalen, der det er 1.000 meters høgdeforskjell frå botnen og opp til bretoppen.

Kristian Bing skipa Bergen Fjellmannalag i 1895.

Hovudside: Jostedalsbreen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011