Hopp til innhold
X
Innhald

Flahamar vert offisersgard

Hovudhuset på Flahamar. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hovudhuset på Flahamar. Foto: Arild Nybø, NRK.

Men «hovudbruket» Flahamar skøytte enkja Bergitte Munthe i 1690 over til svigersonen, kaptein Georg Fredrik Berentson von Krogh (1653-1721).

På denne tida var visstnok diktaren Ludvig Holberg (1684-1754) ei kort tid huslærar på Flahamar. Sjå også: Kjentfolk over Sognefjellet.

Krogh dreiv til 1715

Georg von Krogh vart sjef for Nordre Indresogneske Compagni (Lysterske Compagni) i 1680. Han vart også ein flittig jordkjøpar, og Flahamar dreiv han til 1715, då han flytta til Bergen.

Ny offiser flyttar inn

Ny offiser flyttar inn

I 1729 selde arvingane etter von Krogh garden til Peter Henrik Sommerschild, som også var kaptein ved Nordre Indresognske Compagni - også kalla Lysterske Compagni - frå 1722 til kring 1740. Han var først gift med dotter til von Krogh og seinare med ei kvinne frå Munthe-slekta. Sommerschild hadde budd på Flahamar frå 1722. Han utvida jordeigedomane sine m.a. ved å kjøpe nabogarden Saude.

Selde til Anders Daae

I 1741 selde Sommerschild eigedomane sine i Luster til ein annan stor «jordsankar» i Sogn på den tida, prost Anders Daae i Vik. Til denne prosten var det tette band til Munthe-slekta i Luster gjennom inngifte. Daae dreiv Flahamar med paktar.

Flahamar som sorenskrivargard

I 1758 kjøpte sorenskrivar Georg Fasting garden Flahamar av prost Daae og styrde garden med paktar. Fasting bygde ei mengd nye hus i tunet, men vinteren 1760 øydela eit snøskred stovehuset. I 1765 vart garden selt på auksjon til sokneprest Gert Daae i Luster. Han var son til prost Daae i Vik, og hadde sanka seg mykje jord elles i Luster.

Ikkje lenger embetsgard

I 1799 overlet enkja etter Gert, Catarina Daae, Flahamar til sonen, landmålar Hans Knagenhjelm Daae. Ektemaken Catarina Falch kom frå sorenskrivarfamilien på Amla - sjå: Amla-gardane, og ho styrde Flahamar frå Hans døydde i 1821 til 1839, då sonen, korpslege Gerhard Daae overtok.

I 1845 vart Flahamar selt til kjøpmann I. C. Kjær i Stavanger og i 1853 til fehandlaren David Zakariassen Svabo frå Kroken. Dermed var garden ute av dei kjende preste- og militærslektene i indre Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011