Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Luster i tysk fangenskap

under 2. verdskrigen.

  • Sigurd Martin Fjøsne fødd 1887. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, overført Jørstadmoen, overført Grini, overført Kirkenes 28.04.1942, sett fri 9.09.1942. Arrestert på nytt 11.09.1944, overført Espeland, overført Grini 14.09.1944 og sat der til freden.
  • Hans A. Omdal-Høegh fødd 1884. Sorenskrivar. Arrestert 14.11.1944, overført Bergen, overført Grini 21.02.1945 og sat der til freden.
  • Søren Kroken fødd 1904. Gardbrukar og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwald og sat der til freden.
  • Hjalmar Mo fødd 1898. Lærar. Arrestert 24.03.1942, overført Bergen, overført Grini, overført Jørstadmoen, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Anders Olsen fødd 1882. Maskinist. Arrestert 7.12.1941, overført Shanghai og sat i fangenskap til freden.
  • Johannes Skagen fødd 1914. Arrestert 19.11.1943, overført Bergen, sett fri 27.11.1943.
  • Arne Skjolden fødd 1898. Småbrukar og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grini, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwald og sat der til freden.
  • Olav Tjønn fødd 1892. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, overført Jørstadmoen, overført Grini 12.04.1942, overført Kirkenes 28.04.1942, sett fri 20.11.1942.
  • Olav Urnes fødd 1915. Student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Sennheim 9.12.1943, overført Buchenwald og sat der til freden.
  • Per Urnes fødd 1917. Student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2011