Hopp til innhold
X
Innhald

Fornminne i Luster

Denne armringen frå vikingtida vart funnen på Talle og er no på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Denne armringen frå vikingtida vart funnen på Talle og er no på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Jernaldergarden på Modvo

Jernaldergarden på Modvo

- sjå eigen artikkel Jernaldergarden på Modvo.

Veidekultur

I fjellheimen i Luster finst det ei mengd minne etter gamal jakt- og veidekultur: Fangstanlegg, leiegjerde for rein, bogestelle og hellarar der frosne jegerar kunne søkje ly.

Skålgroper

Ved stølsgrenda Osen i Mørkrisdalen og fleire stader i Dalsdalen finn ein såkalla skålgroper i nokre steinar på stølsvollen. Desse fortel at området har vore viktig alt før Kristi fødsel. Skålgropene kan ha vore brukte antan til ofring eller til koking.

Bautasteinar

I fjordbygdene finn ein m.a. to bautasteinar i Solvorn, ein på Ornes, ein på Hafslo og ein på Flahamar.

Smykkefunn i gravhaugar

Smykkefunn i gravhaugar

I tillegg til: Jernalder-garden på Modvo, er det gjort rike funn i gravhaugar frå jernalderen på Ornes, Ytre Kroken, Nes og Sørheim. Mellom funna på Sørheim var eit forgylt kvinnesmykke frå det sjettehundreåret og eit steikespidd frå 900-talet.

Spydspissar frå Skjolden på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Spydspissar frå Skjolden på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

På garden Melheim i Hafslo og på Bolstad i Skjolden er det også funne ringspenner og beltespenner. På Talle er det m.a. funne to armringar. I fleire bygder har ein funne såkalla ovalspenner, og eit kvinnemsykke frå 900-talet med irsk opphav vart funne på Flahamar.

Våpen i gravene

Frå perioden 600-1000 e. Kr. er det funne ei mengd våpen i Lustra-bygdene: 21 økser, 17 sverd, ei brynje, 21 pil- og spydspissar og fire skjoldbuler. På Melheim i Indre Hafslo er det m.a. funne ei ringspenne i bronse frå 800- 1000 e. Kr. som truleg stammar frå Baltikum.

Eit staseleg fornminne vart gjort i ei røys på garden Nygard i Ytre Hafslo i 1908. Det var eit vakkert spyd frå ca. 900-1000 e. Kr., 50 cm. langt og prydd med sølv og kopar. I 1827 vart det funne restar av eit liknande sølvpryda spyd på garden Lomheim.

Sverd frå vikingtida funne på Vollåker. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sverd frå vikingtida funne på Vollåker. Foto: Arild Nybø, NRK.

Bronsekjelar

Bronsekjelar

Eitt av dei gjevaste fornminna frå Luster er ein bronsekjele som vart funne i ei grav frå det femte hundreåret e. Kr. i Kongshaug på garden Hauge i Skjolden. Den var så godt som uskadd. Kjelen stammar truleg frå Frankrike. På garden Saude sør for Luster vart det funne restar av tilsvarande kjelar som vart brukte til oppbevaring av beinrestar i branngraver.

På Ytre Eikum ligg ein gravhaug like ved gardstunet. Haugen skal opphaveleg ha vore fem-seks meter høg og hatt eit tverrmål på 22 meter. Inne i haugen vart det funne to branngraver frå eldre jernalder, d.v.s. 500–550 f. Kr.f. , og eit par hellegraver med beinrestar.

Sølvring funne på Talle.

Sølvring funne på Talle.

På garden Dvergsdal mellom Eikum og Marifjøra ved utløpet av Gaupnefjorden ligg ei gravrøys som vert kalla Dvergshaugen. Munnlege kjelder seier at Dvergshaugen vart nytta som rettarstad i gamle dagar.

Mellomalderhovdingar på Ornes

Utanom segna som er knytt til småkongen Ragnvald frå vikingtida, er Ornes kjend som eit stormannssete seinare i mellomalderen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011