Hopp til innhold
X
Innhald

Forthun Turiststasjon

Den gamle skyss- og turiststasjonen i Fortun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den gamle skyss- og turiststasjonen i Fortun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forthun Turiststasjon vart bygt i 1882 av ekteparet Susanna og Ole Nilsson Øiene. I Fortun overtok dei ein landhandel som David Yttri hadde drive sidan 1868. Han hadde for sin del teke over handelen etter Kristian Rebni. I 1882 bygde ekteparet nytt hus, og dreiv landhandel i den eine enden og hotell i den andre. Hotellet vart også nytta av folk som fiska laks i Fortunselvi.

Dreiv skysstasjon

Ole hadde også skysstasjon med to hestar som vart nytta på skyssing av ferdafolk over Sognefjellet til Røisheim i Bøverdalen. Ole var også tindeførar, vart patentførar i 1887 og fekk livvarig medlemskap i DNT for innsatsen sin.

I 1907 overtok Erik Øiene landhandelen, og i 1942 turiststasjonen. Sonen Ola E. Øiene overtok 1962. Bygget vart utvida og modernisert i 1959 og midt på 1970-talet, slik at overnattingsdelen vart på 25 senger.

Landhandelen lagt ned

I 1990 overtok dottera Liv Susanne Øiene, og dreiv til 2001, då broren Erik overtok. Landhandelen vart lagt ned i 2000. Erik har restaurert og pussa opp turiststasjonen.

Han driv elles Øiene verkstad i Gaupne med bilreparasjon, transport og bilberging.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011