Hopp til innhold
X
Innhald

Forthuns Handelsforening

Forthuns Handelsforening heldt til i huset til venstre, attmed butikken til Drægni. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Forthuns Handelsforening heldt til i huset til venstre, attmed butikken til Drægni. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Forthuns Handelsforening vart skipa i 1874 etter opptak frå Torger Sulheim. Han var frå Bøverdalen på andre sida av Sognefjellet, og hadde teke over Eide - sjå: Storgarden Eide i Skjolden.

Truleg hadde han ideen om eit handelslag med seg heimanfrå, sidan det vart skipa handelslag i Lom i 1870. Forthuns Handelsforening fekk alt det første året 149 medlemer, med utsal i Skjolden. Foreninga skulle mellom annan «skaffe Bygdens Folk billige og gode Varer samt modarbeide Kredittens Misbrug».

Mykje av handelen gjekk føre seg som varebyte med jordbruksprodukt i byte mot «kjøpevarer» frå byen. Foreininga sende ofte folk til Bergen med innkjøpt smør som bytemiddel mot by-varer.

Eigen butikk i Skjolden

I 1880 bygde laget eigen butikk i Skjolden. Etter økonomiske problem frå kring 1892, låg forretninga nede fram til 1906, då den starta på nytt. No tok den kopi av ei foreining i Luster-bygda, der foreininga også dreiv eit såkalla smørlag; dvs. kjøpte inn smør for vidaresal til by'n.

Tevla i same marknad

Ein freistnad i 1946 på å få laget til å samarbeide med det nye NKL-tilslutta Skjolden Samvirkelag førte ikkje fram. Bygda hadde derfor to konkurrerande «handelslag» ei tid. Forthuns Handelsforening var i drift til 1966, då Sogn Samvirkelag tok over.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011