Hopp til innhold
X
Innhald

Fortun-utbygginga

Administrasjonsbygningen til Hydro Energi i Fortun med bustadfelt for tilsette i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Administrasjonsbygningen til Hydro Energi i Fortun med bustadfelt for tilsette i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) si regulering av Fortun/Grandfasta-vassdraga i Luster på 1950-talet var den største kraftutbygginga i Noreg til då. Grandfasta er eit sidevassdrag til Fortunselvi, og kjem frå områda kring Sognefjellsvegen.
Den fullt ut statseigde aluminiumsprodusenten ÅSV søkte om konsesjon på Fortun/Grandfasta i 1953 for å sikre nok kraft til planlagde utvidingar av Årdal Verk.

Anleggsarbeidet starta i 1956. Dette var ein dryg tjuvstart, for den første konsesjonen vart ikkje vedteken av Stortinget før i 1957. Men dette fortel mykje om korleis eit sjølvsikkert og stort statseigd konsern kunne te seg i gjenreisingstida like etter 2. verdskrig, då planøkonomar såg vasskrafta som nøkkelen til auka valutainntekter frå eksportretta, kraftkrevjande industri.

700 anleggs-arbeidarar

700 anleggs-arbeidarar

Fortun-anlegget gjekk i to byggesteg: Det første med ein produksjon på 443 GWh i året. Den andre konsesjonen vart gjeven i 1960 for utbygging av dei øvre falla i Grandfasta.

Hovudentreprenøren leigde Drægni-huset i Skjolden som hovudkontor. I Fortun vart bygda nærmast endevend av brakker og lagerplassar. I fjellet vart det bygt store brakkeleirar for over fleire hundre mann, og lastebileiagarane i Indre Sogn fekk hovudoppdraget med massetransport. På det meste arbeidde det over 700 mann på anlegget. Utbygginga av andre byggesteg var fullført i 1962.

Tredje utbyggingssteg

Tredje utbygginga i Fortun kom i 1976, då det vart gjeve konsesjon for overføring av ein del av Fardalsvassdraget i Årdal til Fortun. I alt er det bygt 90 kilometer vasstunnelar og røyrgater i Fortun. Både røyrgater og kraftstasjonar vart i 2001 pussa opp for 250 millionar kroner. Fortun-anlegga produserer 1,4 TWh i året.

Staten eigde Fortun-anlegga fram til 1996, då Hydro kjøpte heile stasen for 540 millionar kroner. Ved aluminiumsverka i Årdal kan denne krafta frå Fortun produsere 100.000 tonn aluminium i året.

Bustadområde for tilsette ved kraftverket i Fortun. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bustadområde for tilsette ved kraftverket i Fortun. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2011