Hopp til innhold
X
Innhald

Framlegg om lasarett på Flahamar

Hovudhuset på Flahamar. Her var det planar om lasarett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Flahamar. Her var det planar om lasarett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Sogndal vart det bygt eit slags sjukehus i 1819. Dette var spesielt meint for folk med kjønnssjukdomar (radesjuke), men endra etter kvart status til eit ålmensjukehus og «amtssjukehus».

Sjå også: Amtssjukehuset i Sogndalsfjøra.

I 1838 drøfta fylkestinget nedlegging. Eitt av framlegga til ny sjukehusstad kom frå Torgeir Nes i Luster, som gjorde framlegg om å byggje eit «lasarett» på Flahamar. Han fekk ikkje støtte til dette, men hadde samrøystes støtte frå kommunestyret til kravet om at «sjukehuset» i Sogndal skulle leggjast ned.

Hafslo kommunestyre gjekk for sin del i 1846 inn for at det skulle byggjast nytt amtssjukehus i Sogndalsfjøra. Men dei meinte at det var best at sjukehuset var styrt av ein privatlege, og ikkje distriktslegen, som hadde nok å gjere med andre ting.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011