Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkespris til bygdelaga på sørsida

Gamlefjøsen på Ornes har satsa på gardsmat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gamlefjøsen på Ornes har satsa på gardsmat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 2000 slo fire bygdelag på sørsida av Lustrafjorden seg saman for å skape meir aktivitet og styrke næringsgrunnlag og tilflytting til grendene. M.a. har dette samarbeidet Sørsida stimulert til auka satsing på gardsmat og landskapspleie. Næringsarbeidet er organisert gjennom selskapa Sørsida utvikling AS og Sørsida eigedom AS.

I 2007 fekk Sørsida tildelt Sogn og Fjordane fylke sin pris til idérike bygdesamfunn.

- Sjå også under Næring, artikkelen Næringstun i Kroken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011