Hopp til innhold
X
Innhald

Gamal kyrkjeveg Vigdal-Dale

Dale kyrkje. Hit kom jostedølene over Vigdal og Dalsdalen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dale kyrkje. Hit kom jostedølene over Vigdal og Dalsdalen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Folket i den einbølte Jostedalen - i tillegg til å dra over breen til Nordfjord - nytta vegen over Vigdal og Storhaug og heimover Dalsdalen til Luster når dei skulle til fjords, i staden for å ta seg ned gjennom ulendt terreng langs elva til Gaupne.

På 1600-talet viser ei rettssak at jostedølene hadde rettar til hestebeite ved kyrkja på Dale, og at dei truleg hadde eigedomsretten til almenningen ved Dale-kyrkja. Eigedomsrettane her har det seinare vore strid om.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.03.2011