Hopp til innhold
X
Innhald

Gamleheimen i Hafslo bygd av gåver

Hafslo Gamleheim vart bygd i 1939. No er det mellom anna barnehage i den store bygningen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Gamleheim vart bygd i 1939, men alt i åra kring 1914 hadde utvandra hafslobygger i Minneapolis og Butterfield samla inn store pengesummar til gamleheim i heimbygda. I 1920 vart det sendt 20.000 kroner heim frå Amerika, men pengane vart ståande på renteberande konto og dobla seg fram til heimen vart bygd.

I alle kyrkjesokna i Hafslo vart det i 1920 samla inn over 14.000 kroner til gamleheim.

I 1938 etterlet den utvandra Per F. Tang (1888–1937) ei stor testamentarisk gåve til heimbygda som vart brukt til å byggje badebasseng ved den nye sjukeheimen i 1988. Eit relieff av Tang er reist ved sjukeheimen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 05.04.2011