Hopp til innhold
X
Innhald

Gaupne gamle kyrkje

Gaupne gamle kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gaupne gamle kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gaupne gamle kyrkje er bygd i 1647, men den rikt utskorne inngangsportalen skriv seg frå ei stavkyrkje frå 1100-talet. Portalen vert rekna som eit av dei mest verdfulle norske treskurdarbeida frå dette hundreåret.

Interiøret i kyrkja med altartavla frå 1589. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Interiøret i kyrkja med altartavla frå 1589. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tilliks med stavkyrkja på Urnes er det Fortidsminneforeninga som eig gamlekyrkja i Gaupne.

Innvendes er kyrkja overdådig dekorert, m.a. med 12 veggmåleri av Jesu' apostlar, måla i 1659 av Niels Maler. Altartavla er ei katekismetavle frå 1589. Krusifiks frå mellomalderen står ved altaret. Døypefonten er ein jernring der eit dåpsfat frå 1600-talet får plass nedi. Preikestol frå 1626, korskilje frå 1647, rikt rekorerte stolar og kyrkjestoldører frå 1600-talet der m.a. Skancke-ætta sitt adelsvåpen er rissa inn i ein av dei.

Eitt av dei mange veggmåleria i kyrkja. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Eitt av dei mange veggmåleria i kyrkja. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Inngangsportalen er rundt 900 år gamal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Inngangsportalen er rundt 900 år gamal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gaupne gamle kyrkje er eigd av Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordane. På Kunstindustrimuseet i Oslo er ein lysestake i forgylt bronse frå Dinant i Frankrike, datert 1150-1200 teken vare på. Ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum stammar ein gravkross frå mellomalderen frå Gaupne.

Dette biletet som er teke mot utgangen syner kor rikt dekorert kyrkja er. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dette biletet som er teke mot utgangen syner kor rikt dekorert kyrkja er. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kapell på Åberge

Også på garden Åberge i Gaupne skal det ha stått eit kapell som einskilde hevdar var den eldste kyrkja i bygda. Så seint som i 1903 skulle ein ha sett merke etter grunnmurane, som viste at tufta berre var 8 x 5 meter.

Detalj frå eitt av veggmåleria. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Detalj frå eitt av veggmåleria. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011