Hopp til innhold
X
Innhald

Gerhard Munthe d.y.

Gerhard Munthe (1795-1876) busette seg i ytre Kroken og bygde det staselege Munthehuset som framleis står der. Dette portrettet er utsnitt frå eit måleri som heng i Munthehuset, måla av Chr. Olsen i 1840.

Gerhard Munthe (1795-1876) busette seg i ytre Kroken og bygde det staselege Munthehuset som framleis står der. Dette portrettet er utsnitt frå eit måleri som heng i Munthehuset, måla av Chr. Olsen i 1840.

Gerhard Munthe d.y. (1795-1876) frå Kroken. Offiser, historikar, kartograf og kunstnarmesén.

Militær karriere

Eksamen frå Landkadetakademiet 1811. Sekondløytnant ved Valdreske Skarpskytterbataljon under Norges Jegerkorps, premierløytnant 1813 ved Bergenhuusiske Skarpskytterbataljon. Var ein kort periode i 1815 kommandant for Det Tjugumske Kompani i Lærdal. Vart i 1825 kaptein i Bergenske Infanteribrigade, men gjekk ut av aktiv militærteneste i 1830 på grunn av svekka syn.

Kartograf

Norsk kartverk var underlagt militærvesenet på denne tida, og Munthe tenestegjorde i Geografisk Oppmåling frå offiserseksamen 1811 til 1816. I Norges Geografiske oppmåling vart han frå 1815 engasjert i utarbeidinga av det store «generalkartet» for den skandinaviske halvøya som kong Karl Johan hadde gjeve ordre om å få laga. Kartet vart teikna i Stockholm og kom ut i 1826.

Oscar II.

Oscar II.

Teiknelærar

Gerhard Munthe viste seg som ein framifrå teiknar, og under opphaldet i Stockholm vart han oppmoda om å verte teiknelærar ved krigsskulen - ei stilling som han hadde frå 1816 til 1841. Her vart han m.a. teiknelærar for dei seinare svensk-norske kongane Carl XV og Oscar II.

Gav ut eigne kart

Oppmålinga kom i pengenaud i 1823, og saman med N. A. Ramm starta Munthe som privatmann å teikne og gje ut «amtskart» over norske amt. Dei gav såleis ut kart over Smålenenes amt (Østfold) 1823, Akershus 1827, Hedemarken 1828-1829 og Grevskapenes amt (Vestfold) i 1832. Dette var eit pionérarbeid i norsk kartverksemd: Karta er svært nøyaktige og profesjonelt utførde, og m.a. utstyrte med illustrasjonsteikningar. Sidan Munthe og Ramm var avhengige av å få selt karta, vart det berre med desse fire karta for Austlandet før dei måtte gje opp prosjektet pga. dårleg økonomi.

Laga kart for sølvverket og heile landet

Ved sida av arbeidet med amtskarta, arbeidde Munthe m.a. med spesialkart for Kongsberg Sølvverk, og gjorde også førebuande arbeid til eit generalkart for Noreg. Sterkt svekka syn gjorde at han måtte gje seg med kartarbeidet.

Skuledirektør

Men Munthe hadde også andre interesser: Frå 1835 til 1841 var han meddirektør for Den Kongelige Kunst- og Tegneskole i Oslo, der Nasjonalgalleriet vart ein sameint part frå 1837.

Reviderte stadnamn

Det er likevel som historikar at Gerhard Munthe har gjort den største innsatsen: I 1825 tok han til å arbeide med eit geografisk kart over «Noreg i mellomalderen». I 1827 reiste han til København for å setje seg inn i gamalnorsk språk, og studere gamle sagaskrifter og jordebøker. Gjennom dette arbeidet fekk Munthe ein eineståande kunnskap om norske stadnamn, og etter oppmoding frå Staten, gav han i 1837 ein revidert matrikkel med retta inndelings- og gardsnamn. På grunnlag av desse arbeida, vart det i 1847 gjeve ut eit oversyn over dei viktigaste stadnamna i landet og deira opphav.

Utsnitt av kart teikna av Gerhard Munthe.

Utsnitt av kart teikna av Gerhard Munthe.

Banebrytande kartarbeid

Munthe leverte også geografiske merknader til Jacob Aall si oversetjing av «Snorres kongesagaer» i 1839-1839 og det tilhøyrande kartet som vart gjeve ut i 1840: «Noregs, det gamle Norge før Aar 1500». Det banebrytande arbeidet som Munthe her hadde gjort, var m.a. noko som historikaren P. A. Munch hadde stor nytte av i sitt hovudverk om norsk historie -«Historisk-geografisk Beskrivelse» som kom ut i 1849.

Kartla adelen

I 1832 var Gerhard Munthe medskipar av «Samfundet for det Norske Folks Sprog og Historie», og han skreiv ei rad artiklar i deira tidsskrift «Samlinger». Ein av dei viktigaste her er «Heraldisk-historiske Optegnelser» 1835-1836, der han kartla den gamle norske adelen. Mange av dei kjeldene som Munthe nytta i dette arbeidet gjekk tapt ved ein brann i bibiloteket i København like etter.

Munthehuset vart reist av Gerhard Munthe d.y. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Munthehuset vart reist av Gerhard Munthe d.y. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flytta til Ytre Kroken

I 1841 gjorde synsproblema at han gav opp det vitskapelege arbeidet og flytta heim til garden sin i Ytre Kroken. Det einaste som han fekk gjort av vitskapeleg arbeid etter at han vende heim, var ei slektstavle for garden sin. På 1840-talet bygde han om og utvida herskapshuset i Kroken til den utsjånad som det verna huset har i dag.

Kaptein Gerhard Munthe d.y. (t.v.) saman med huslyden sin ved Munthe-huset i Ytre Kroken.

Kaptein Gerhard Munthe d.y. (t.v.) saman med huslyden sin ved Munthe-huset i Ytre Kroken.

Kongeleg elev

Her var han i 1856 vert for sin gamle elev frå teikneklassen ved Krigsskulen, dåverande kronprins Carl av Noreg-Sverige. I 1848 ytte Stortinget ein pensjon til Munthe - m.a. etter tilråding frå P. A. Munch.

Kunstnarane i Kroken

Gerhard Munthe hadde gjennom arbeid og mange reiser i inn- og utland knytt kontakter med mange kunstnarar. Han var sjølv ei dugande teiknar, var svært interessert i kunst, og gjorde Kroken frå 1830-talet og utover til eit av dei viktigaste sentra for biletkunstnarar i Noreg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.10.2012