Hopp til innhold
X
Innhald

Grannedrap og maning

Ola Jonsson og grannen Ola Eriksson som levde på Melheim på Indre Hafslo kring 1700, var bitre uvener. Ein gong dei kom i krangel i vedaskogen, hogg Ola Jonsson til Ola Eriksson med øks. Den andre forsvarte seg med staur.

Men Ola Eriksson hadde nok fått meir pryl en godt var, for nokre dagar seinare døydde han. Han hadde ikkje skulda grannen direkte for å ha teke livet av seg. Men før han sovna inn, bad han om at dei fekk grannen til å leggje handa på liket. Då ville teikn syne om han skulle dømast skuldig for drap.

Ola Jonsson gjorde som den avdøde grannen hadde bedt om: To gonger las han bøner om at Vårherre måtte gje teikn om han var skuldig, og tre gonger la han hendene på liket etter Ola Eriksson - utan at noko teikn synte seg. Med vitne til stades var dette godt nok prov for retten, slik at han vart frikjend for drap.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018