Hopp til innhold
X
Innhald

Guttorm frå Sørheim

Guttorm frå Sørheim (Sudrheimum) (ca. 1240) frå Sørheim ved Lustrafjorden.

Truleg den første adelsmann på Sørheim-godset. Han var ein av mennene til hertug Skule i Trondheim, som i 1239 utropte seg sjølv til konge i Noreg. Dermed kom han i krig med kong Håkon Håkonsson.

Same året vart Guttorm frå Sørheim saman med ein Olav frå Vigtil sett til å leie ein hærstyrke som skulle gå til åtak på kongen, som då var i Bergen. Etter eit mislukka raid nedover for å skaffe nok soldatar, vende dei heim til Trondheim med uforretta sak.

I 1240 kom kong Håkon Håkonsson etter fiendane sine i Trondheim. Guttorm frå Sørheim barrikaderte seg då saman med ein liten hær på Munkholmen. Men overmakta vart for stor, og Guttorm måtte be om nåde frå kongen. Sidan høyrer ein ikke noko til Guttorm frå Sørheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008