Hopp til innhold
X
Innhald

Hafslo Samvirkelag

Samvirkelaget på Hafslo vart lagt ned i 1999, men butikkdrifta i huset levde vidare. Jens H. Sterris Eftf. flytta inn i lokala same året. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samvirkelaget på Hafslo vart lagt ned i 1999, men butikkdrifta i huset levde vidare. Jens H. Sterris Eftf. flytta inn i lokala same året. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Samvirkelag vart skipa i 1946, og vart innmeldt i NKL frå starten. Laget leigde den første tida ei stove hjå Malla Moe til butikklokale.

I 1955 kjøpte laget ei tomt der Hafslo Meieri tidlegare hadde drive griseavl - sjå: Meieria i Luster. Her stod eit nytt forretningsbygg klart i 1957. I 1960 vart det bygt lagerhus. Ny butikk vart teken i bruk i 1967. Laget arbeidde ei tid på 1950-talet med planar om ein filial i Solvorn, men la dei bort på grunn av manglande interesse.

Laget gjekk inn i Sogn Samvirkelag i 1967, då ein hadde fullført utbygginga av ny forretning på Hafslo. Hafslo-avdelinga vart lagd ned i 1999. Då kjøpte Ingolf Sterri bygningen og flytta sin butikk etter Jens H. Sterri over dit.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011