Hopp til innhold
X
Innhald

Hafslo Sparebank

Dette huset bygde Hafslo Sparebank i 1966 då banken flytta frå Solvorn til Hafslo. Fram til juni 2013 var det filial av Luster Sparebank i bygningen, då flytta filialen inn i Sterribui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette huset bygde Hafslo Sparebank i 1966 då banken flytta frå Solvorn til Hafslo. Fram til juni 2013 var det filial av Luster Sparebank i bygningen, då flytta filialen inn i Sterribui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Sparebank vart skipa i 1848 etter opptak frå sokneprest Egeberg, sorenskrivar Krebs og kaptein Gerhard Munthe. Dette var den fjerde sparebanken som vart skipa i Sogn. I 1875 hadde banken to opningsdagar i månaden i Solvorn, ein i Marifjøra og ein på Hillestad.

Rikaste banken

Ved hundreårsskiftet var Hafslo Sparebank den sjette største sparebanken i fylket, og med den klårt største formuen: Ein fjerdedel av forvaltningskapitalen i 1905 var eigen formue.

Men då dei økonomiske nedgangstidene sette inn etter 1. verdskrig, var det like før at Hafslo Sparebank gjekk konkurs. Ei av årsakene var at banken hadde lånt ut 200.000 kroner til Sogn og Fjordane fylke som fylkeskommunen ikkje makta å betale.

Akkord

I 1933 fekk Hafslo Sparebank akkord med 45 prosent utbetaling, men måtte sjølv ta eit tap på 110.000 kroner.

Banksjef i 1966

Først i 1966 tilsette banken eigen banksjef i full stilling, og same året flytta banken hovudkontoret frå Solvorn til Hafslo.

Bankbuss

I 1967 kjøpte sparebankane i Hafslo, Luster og Jostedal felles bankbuss. Ordninga med bankbuss vart trappa ned og endeleg avvikla i 2008. I staden innførte ein ei ordning med bank-i-butikk, med unntak av Hafslo og Gaupne.

Inn i Luster Sparebank

Hafslo Sparebank gjekk saman med Luster Sparebank og Jostedals Sparebank til Luster Sparebank i 1975.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2013