Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgiveri i Marifjøra

Marifjøra i 1905. © Fylkesarkivet.

Marifjøra i 1905. © Fylkesarkivet.

Marifjøra ligg sør for Gaupnefjorden der dalen frå bygdene i Indre Hafslo munnar ut, og er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1371.

Det var her «indrebygdingane» fekk kontakt med fjorden: Her låg bygdealmenningen for inn- og utskiping av varer. Her bygde Hafslo-bøndene nausta sine. Oppe i bakken hadde dei hamnehage for hestane sine når dei gjorde ærend til fjords - og her kunne driftekarar leige seg hamne til dyra medan dei venta på båtskyss sør om Sognefjorden.

Hestehamn og marknadsplass

Stadnamnet «Marifjøra» kan vere avleia av «mar» - dvs. merr - altså «hestefjøra». Også folk frå Jostedalen og Nes nytta Marifjøra som ein lageleg landingsplass. I nyare tid vart det også bygt ein kommunal hestestall i Marifjøra der folk kunne setje frå seg hestane når dei hadde ærend ned til «dampen» og kaia. Denne stallen vart riven i 1978 då riksveg 603 vart utvida.

Sjøbuer i Marifjøra. I bakgrunnen ser vi Tørvis Hotell. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sjøbuer i Marifjøra. I bakgrunnen ser vi Tørvis Hotell. Foto: Arild Nybø, NRK.

Heilt fram til 1880-åra vart det halde ein fast marknad i Marifjøra kring mikkjelsmesse-tider. Den vart kalla «Fjøremarkna'en». Alt i 1597 vert det nemnt at «Olaf» og «Helge» livnærer seg som skomakarar i Marifjøra, og i grenda har det vore både handel og gjestgiveri heilt frå 1600-talet. Her var også skysstasjon. I noverande Tørvis hotell finn ein bygningsdeler frå dette første gjestgiveriet frå 1634.

Første kremmarane

Dei første kremmarane som ein kjenner i Marifjøra, var Teus Platt og Hans Clausen, som begge slo seg ned der i 1636. I 1626 hadde Clausen bygt både pakkhus og ei kai som var 60 alner lang. Clausen hadde også rett til å drive gjestgiveri og selje brennevin. Han dreiv til 1660. Då kom det to nye handelsmenn i bygda, Tore Hansen og Hans Mikkelsen.

Midt på 1700-talet var gjestgiveriet berre på eit par rom. I 1749 selde Peder Folderup gjestgiveriet til Thomas Witmanson Rein frå Hafslo, som truleg livnærte seg mest på skjenkestova som han dreiv. Då han døydde kom ein nordlending, Arent Storch, og tok over både enkja og gjestgiveriet. Det var truleg han som bygde den eldste delen av seinare Tørvis Hotell.

Flintoe på vitjing

Etter han kom Johan Fredrik Nilsson Wiig frå Ulsteinvik som gjestgjevar i Marifjøra frå 1775 til 1779, medan han selde bruket til den danske sersjanten Niels Kofoed i 1776. Kofoed dreiv også handelen fram til 1779 då Ole Lasseson Marifjæren og kona Brynhild tok over og dreiv saman til Ole døydde i 1796.

Brynhild gifta seg då oppatt med Samuel Bugge Marifjæren frå Gaupne, som vart gjestgjevar og kremmar i Marifjøra. Ein av dei som har vore gjest der på denne tida, er kunstmålaren Johannes Flintoe, som har måla ein gouache frå Marifjøra med utsikt mot Feigumfossen i bakgrunnen.

Samuel Bugge Marifjæren dreiv gjestgjevargarden til 1824. Då tok John Davidson Marifjæren over, men han døydde fem år seinare. Enkja Anna gifta seg oppatt i 1830 med Christopher P. Hovland frå Kjørlog, og saman dreiv dei handel og gjestgiveri heilt fram til 1844, då dei selde og flytta til Kaupanger.

Postopneri og hotell

Postopneri og hotell

Christian Brunchorst Nilsson Torp frå Bergen kjøpte handelsstaden i 1844 og dreiv fram til 1874. Han vart også den første postopnaren frå 1864 til 1871, då sonen Nils Torp tok over og dreiv fram til 1875.

Etter at eigedomen stod tom i fleire år, kjøpte Jacob Trondson Tørvi (1822–1902) handelshuset, dampskipskaia og gjestgjevargarden. Han var bonde på Tørvi, og hadde alt i 1862 kjøpt seg ein parsell på Marifjøra sagvelte, der han starta handel.

I 1894 skøytte Jacob over eigedomane i Marifjøra til sonen Anders Jacobson Tørvi og ektemaken hans, Thea. Frå 1894 til 2005 har hotellet i Marifjøra vore i same slekta: I 1918 kjøpte eit barnebarn til Anders og Thea Tørvi, Peder Bugge Næss, eigedomen, og det er dette slektsnamnet ein har kjent som hotelleigarar fram til 2005. Då selde Peder Bugge Næss Tørvis Fjord Hotell (sjå Tørvis hotell) til Oslo-mannen John Nyborg.

Bygde sjøbu og stort hus

Kring 1870 starta Jakob Fedt frå Indre Hafslo landhandel i Marifjøra, der han også vart postopnar frå 1875. Fedt bygde seg eiga sjøbu i Marifjøra. Der dreiv han til 1899, då sonen Trond tok over. Han bygde eit stort hus oppe i bakken. Det vart seinare selt til kommunen som dokterbustad.

Aktive næringslivskvinner

Aktive næringslivskvinner

På den vesle strandstaden kring dampskipskaia var det elles fleire kvinner som livnærte seg med ymse handverk: «Sag-Ingeborg» Ingebrigtsen livnærte seg med å stive lause skjortesnippar på mannfolkskjorter, og ho selde også kaffi når det var møte i bedehuset. Elen Veum strikka for sal, Kari H. Joranger var sydame og Kristi Stølen dreiv kafe og overnatting i «Kristi-stova». Seinare dreiv Kristina Øy ei kaffistove og hadde utleige av rom, og Sigrid Espe dreiv vevstove.

Marifjøra i 1954 med Tørvis Hotell lengst til venstre. © Johan Ottesens arkiv.

Marifjøra i 1954 med Tørvis Hotell lengst til venstre. © Johan Ottesens arkiv.

Tingstove og fiskegjerde på Hunshamar

Like ved Marifjøra ligg garden Hunshamar, og her ligg enno den gamle tingstova for indre Hafslo. Huset er ei røykstove frå 1700-talet, men har bygningsdeler som truleg skriv seg frå 1300- og 1400-talet. Bygningen er nemnt som tingstove første gongen i 1663, og er eitt av dei eldste bevarte husa i Luster kommune utanom mellomalderkykrkjene.

På denne garden finst merke etter ein eldgamal fiskemetode, der dei stengde av ei grunne nede i fjøra med eit steingjerde. Ved flo sjø vart opninga stengd, og fisken var fanga. Fisken vart seld dei to dagane i veka det var såkalla «smørdag» hjå handelsmannen i Marifjøra.

Sjå fleire verksemder i Marifjøra under: Landhandlar i Luster

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011