Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og gjestgjevarstader i Luster

Kaia i Solvorn og Walaker Hotell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kaia i Solvorn og Walaker Hotell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gamal handel og handverk i Solvorn

Solvorn ved Lustrafjorden var frå eldgamal tid «sjøbygda» for folket i innlandsbygdene kring Hafslovatnet og Veitastrondvatnet. Alt på 1300-talet vert det nemnt ei tingstove som er reist i Solvorn.

Walaker Hotell

Walaker Hotell i Solvorn har røter tilbake til den gamle gjestgjevargarden og skysstasjonen. Les meir om Walaker Hotell under Reiselivsverksemder i Luster.

Handel på Hafslo

Den første som ein kjenner til dreiv landhandel på Ytre Hafslo, var prestesonen Nils Jensen Thisted, som budde på garden Beheim frå 1661 og utover. Det er også truleg at han dreiv ei skjenkestove med brennevinshandel. På slutten av 1600-talet vert det nemnt at ein Nils Hess også driv handel på Beheim. Sidan finn ein ikkje skriftlege spor etter handel i Ytre Hafslo før i 1855 då Jørgen Person Mo startar landhandel på Mo.

Hafslo tidleg på 1900-talet.

Hafslo tidleg på 1900-talet.

Handel og gjestgiveri i Marifjøra

Det var i Marifjøra «indrebygdingane» fekk kontakt med fjorden: Her låg bygdealmenningen for inn- og utskiping av varer. Her bygde Hafslo-bøndene nausta sine. Oppe i bakken hadde dei hamnehage for hestane sine.

Handel og gjestgiveri på Røneid

Røneid på sørsida av elva i Gaupne har vore ein storgard frå gamalt av.

På dette biletet frå ca. 1900 på Døsen i Luster sit Hans Rue Olsson Døsen jr. i midten framme. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet frå ca. 1900 på Døsen i Luster sit Hans Rue Olsson Døsen jr. i midten framme. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Handel og gjestgiveri i Lustra-bygda

I Luster har det vorte drive handel av priviligerte byborgarar lenge. Både på Fuhr, Døsen og Dalsøyri vart det drive handel heilt frå 1600-talet.

Handel og gjestgiveri i Skjolden

Det som i dag er kjent som bygdesenteret Skjolden, låg i gamle dagar under garden Bolstad. Frå gamalt av var dette ein bygdealmenning. Men handelen starta først på Eide på austsida av fjordbotnen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011