Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsforening i Marifjøra

Kring 1890 starta eit aksjelag ei handelsforeining i Marifjøra. Foreninga dreiv handelen i eit hus som Olav Ugulen seinare overtok.

Truleg dreiv denne foreininga m.a. med omsetning av smør og andre jordbruksvarer i byte mot kjøpevarer, slik fleire tilsvarande foreningar kring Lustrafjorden dreiv på den tida. Foreininga var i drift ei tid etter 1900 - truleg til 1902, då ein meiner at «Marifjærens Aktiemeieri» tok over lokala. Nokre år seinare kom Marifjøra Handelslag, men dette var eit aksjelag drive av brørne Hjetland frå Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008