Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsrute over Sognefjellet

Sognefjellet har inspirert mange kunstnarar. Dette er måla av Adelsteen Normann: Horungene i Sognefjell. © Blomqvist Kunsthandel.

Sognefjellet har inspirert mange kunstnarar. Dette er måla av Adelsteen Normann: Horungene i Sognefjell. © Blomqvist Kunsthandel.

At det har vore stor ferdsel over Sognefjellet frå gamal tid, finn vi også i lokale stadnamn: I Fortun finst ein stad som kallast Lomsvollane. Her skulle lomsværigane ha fri hamnehage for kløv- og ridehestar og bufe som dei tok i drifter vest om fjellet.

Den gamle kløvvegen gjekk noko lengre vest på Bøverdalssida enn noverande riksveg. Her har ein funne restar etter sundbrotne kjelkar som har vorte nytta til frakt over fjellet, og stadnamnet Kornsteinane fortel om gamal korntransport. Her er det også funne ein kvernstein som folk måtte leggje att etter seg oppe på fjellet - og aldri fann att.

Tuskhandel i Fortun

Når ferdafolket kom over fjellet, var det mange bønder i Fortun som dreiv litt tuskhandel med dei reisande. Dette arga dei priviligerte handelsmennene i Luster, som stadig var i rettstvistar med folk i Fortun som hadde tent nokre dalar på si med tuskhandel.

Les meir om Sognefjellsvegen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011