Hopp til innhold
X
Innhald

Handspiki

I 1966 møttest vegsjefane i Oppland og Sogn og Fjordane i skaret i Handspiki, men vegen mellom Styggevatnet og Sota Seter er framleis på draumestadiet. Til venstre Sigmund Vårdal, vegsjef i Oppland og til høgre Egil Abrahamsen, vegsjef i Sogn og Fjordane.  Foto utlånt frå Statens vegvesen.

Den eldste og beste ferdslevegen mellom Jostedalen og Ottadalen går over Handspiki. Her har det frå gamal tid vore kløvveg og drifteveg.

På vestsida går ferdslevegen frå Fåbergstølen/ Øyasetra, over skaret i Handspiki til Sotaseter ved Liavatnet på austsida.

Ved fleire høve har det vore aktuelt å nytte denne lina til moderne ferdsle: På 1920-talet vart det arbeidd for at «stamjernbanen» mellom Bergen og Trondheim skulle gå etter lina Flåm-Sogndal-Jostedal-Handspiki-Skjåk.

Seinare har det - særleg frå Jostedals-sida - vorte arbeidd aktivt for å få bygt veg over Handspiki - sist i samband med den store kraftutbygginga i Jostedals-vassdraget på 1970- og 1980-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.03.2011