Hopp til innhold
X
Innhald

Handspikja

Den eldste og beste ferdslevegen mellom Jostedalen og Ottadalen går over Handspikja. Her har det frå gamal tid vore kløvveg og drifteveg.

På vestsida går ferdslevegen frå Fåbergstølen/ Øyasetra, over skaret i Handspikja til Sotaseter ved Liavatnet på austsida.

Ved fleire høve har det vore aktuelt å nytte denne lina til moderne ferdsle: På 1920-talet vart det arbeidd for at «stamjernbanen» mellom Bergen og Trondheim skulle gå etter lina Flåm-Sogndal-Jostedal-Handspikja-Skjåk.

Seinare har det - særleg frå Jostedals-sida - vorte arbeidd aktivt for å få bygt veg over Handspikja - sist i samband med den store kraftutbygginga i Jostedals-vassdraget på 1970- og 1980-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2008