Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Feigum

Johan Christian Dahl (1788-1857):

Johan Christian Dahl (1788-1857):

Hans Christoffersen Feigum (også skrive Feiga) (1798-1874) frå Hafslo, busett i Feigum. Bonde, lekpredikant og skipar av «feiganisma».
Reiste saman med seinare stortingsmann Hans Arneson Urdahl til Oslo i 1815, og kom der i kontakt med lekpredikanten Hans Nielsen Hauge.

Braut med haugianarane

Feigum reiste lenge rundt som lekpredikant for Hauge-rørsla. I 1830 braut den svært pietistiske Feigum med haugianarane og skipa si eiga «rørsle» - m.a. fordi han meinte at hauginarane tok for lett på kravet til omvending. Han la også stor vekt på Det gamle testamentet i trua si.

Profetskulen

Mange kom eins ærend til Feigum for å slutte seg til læra hans, og garden vart på folkemunne kalla «Profetskulen». Møta vart haldne på loftet i den gamle mølla (sjå måleri nedst på sida). I tillegg til Luster, fekk Feigum også mange tilhengarar i Aurdal, Valdres og Hallingdal, der Helge Hagen var ein ihuga predikant for «feigianismen». Rørsla døydde ut då skiparen Hans Feigum gjekk bort i 1874.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011